Bilete av landskap
Eg kom ifra bygda til storbyens bråk,
men kjende meg framand i alt dette ståk.
Eg skulle studere, men fann ikkje rot,
det var som eg gjekk der på vaklande fot.
Blant husblokker, bilar og menneskestraum
og neonreklame i endelaus flaum
eg brått stansa opp og gjekk ikkje forbi,
såg innafor glaset eit stort maleri:
Eit landskap med himmel og skyer og tre,
på grønkande eng beite husdyr i fred
kring solvende tun nær ein fyssande bekk.
Eg stod midt i larmen og drøymde meg vekk.
Slik heimlengt det vekte, ein tærande trong
å reise dit ut med ein einaste gong!
Her gjekk eg så heimsjuk og kjende eit gnag,
var upass til arbeid kvar bidige dag.
Lidvald Stubhaug
Lidvald er fødd 15 januar 1919 på garden Stehoggane i Naustdal i Sunnfjord. Han vaks opp i ein sysken flokk på 8.
